søndag 16. januar 2011

Hatt i barnehagen!

Forrmingsutfording  veke 2 var laging av hattar. Dette var kjempe kjekt. Litt inspirasjon og ein får mage idear om korleis ein kan forme ein stilig hatt.

Denne er enkel, den grønne ringen som er bak er den som går rundt hovudet. Ellers er den dekorertt med og av stålstreng, tyll og fjær. Enkel og dekorativ.





Denne er litt enklare, brukte "kronepapp" til å lage ring rundt hovudet. Viare er det silkepapir som er forma og festa til pappen med stift.

Å lage hattar i barnehagen er ein enkel og kjekk aktivitet som ein kan legge til rette for alle aldresgrupper, ved litt tilrettelegging.
Kanskje er hattar årets karneval aktivitet????

torsdag 13. januar 2011

Trykk!



Har jobba med trykk, laga trykk plate av papir og bobbleplast. Dette gav eit stilig mønster. Men nårr eg skulle rulle utover trykksværten, løsna bobbleplasten, så her var det forsiktigheit og tolmodigheit. Trur ikkje dette er matrell som er eigna til å bruke saman med barn, då må ein i allefall bruke ein anna lim enn RX lim. Ellers er trykk ein sak som er kjekt og som gjev bra resultat utan for mykje arbeid.

Etter eg var ferdig med trykket brukte eg plata å teikne inn mønsteret, for så å legge eit ark over. Denne trykk forma kallast Monotypi. Det som er spesielt her er at tykket vert speglvent. Kunne nok laga fleire utkast av denne typen, men var nok litt utolmodig.


onsdag 12. januar 2011

Nytt år Nye moglegheiter!

Kabelen er funnen og her er første prosjon med arbeid! Jobba no med måleriet "Helg" av Nikolai Astrup, i dette måleriet er det mange små detaljar som var kjekke å bruke som utsnitt.


Her er tre utsnitt som eg har tatt frå bilete. Eg har brukt flaska i vinduskarmen, stolsryggen og blomsten på blomsterpotta.


Frå desse skissene valde eg å jobbe vidare med blomsten.

Først i A4, forstørringa gjorde eg ved å bruke rutenett, dette kan du sjå på denne blyant teikninga.


Neste steg var forstørring til endå eit hakk større opp i A3