torsdag 13. januar 2011

Trykk!



Har jobba med trykk, laga trykk plate av papir og bobbleplast. Dette gav eit stilig mønster. Men nårr eg skulle rulle utover trykksværten, løsna bobbleplasten, så her var det forsiktigheit og tolmodigheit. Trur ikkje dette er matrell som er eigna til å bruke saman med barn, då må ein i allefall bruke ein anna lim enn RX lim. Ellers er trykk ein sak som er kjekt og som gjev bra resultat utan for mykje arbeid.

Etter eg var ferdig med trykket brukte eg plata å teikne inn mønsteret, for så å legge eit ark over. Denne trykk forma kallast Monotypi. Det som er spesielt her er at tykket vert speglvent. Kunne nok laga fleire utkast av denne typen, men var nok litt utolmodig.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar