onsdag 11. mai 2011

Pusse, pusse, bore og beise

Det nermar seg.











  No er den klar til utstilling

Mot det endelege produktet i 3D

Eg har valt å jobbe med tre som materealet. Og med inspirasjon frå bildet mitt har eg dratt ut eit tydeleg element i utgangspunktet.

Først måtte eg lage meg ein mal som var passe stor.


Så var det matrealet som kunne passe


Denne var passe, men må høvlast litt. Dette fekk eg låne ei maskin hos eit lokalt byggefirma til.
Klargjering før utskjering





Klar til utsaging

Til å sage ut brukte eg ikkje bandsag, men ei slags stikk sag.



Ferdig, klar til vidare arbeid, med pussing, montering og behandling.

tirsdag 10. mai 2011

Skogen er full av tre...

Ofte har ikkje barnehagne meir pengar enn dei treng og formingsmaterialet kan vere litt mangel vare. Men det hender det er ein liten skog eller nokon busker som kjem opp i nerleiken til barnehagen, dette er eit flott formingsmateriale i alle fall for dei store barna i barnehagen.



 Å spikke i rått trevikre er veldig enkelt fordi den har så mykje sevje i seg, men det er veldg viktig at knivane er  skarpe og bit godt for at det skal bli ei posetiv oppleving. Så kan ein spikke kva ein vil......






Her vart x-en min til ein A i staden, sette den samman med tre stiftar, slik kan ein jobbe med ulike bokstavar, barna får vere skapande ved at dei former ting ut frå ein ide, men etterkvar som ein jobbar kan det bli noko heilt anna.



"Knerten" til Anne-Cath Vestly kjenner dei fleste barn til no etter den kom på film. Å gå i skogen på jakt etter Knerten er kjempe kjekt. Her har eg sett på auge på min knerten. Ein enkel og gratis måte å skaffe seg dukker på, som barna kan lage sjølv.

torsdag 5. mai 2011

Ferdig resultat!

Etter månader med arbeid og bestemmelsar og ombestemmelar fann eg til slutt ut kva som skal vere slutt resultaet mitt.


Lerret på 50x60 cm. Målt med acryl måling og litt pirke arbeid med prikkinga, har nokon av prikkane som har fått ahle, dette fordi det var litt mykje måling på redskapen. Dette var ikkje så godt å gjere noko med.  Å jobbe med prikkar i mønster er ein kjekk aktiviet.

Med tråd og nål???

Eg har laga ei helke oppskrift av maleriet mitt


Utfrå denn oppskrifta hekla eg ei brikke i påska



Dette er nok litt vanskelg å gjere i barnehagen med dei barna, men ein kan til dømes fingerhekle.

Paint!

Å bruke data som eit vektøy i barnehagen er viktig for at barna skal få ein kjennskap til data. Paint er eit teikne programm som er nyttig til å lære seg å bruke musa, her kan dei leike seg til kunnskap.


Her har eg brukt berre fingen til å teikne(bærbar maskin), har ikkje lagt farge på den.



Å her har eg brukt mus til å teikne med.

Dette var spennande og kjekt og barna kan få legge farga på og leike seg.

tirsdag 3. mai 2011

3D oppgåve!

No blir det litt rot her, har ikkje fått inn slutten på 2D oppgåva før eg legg inn starten på 3D oppgåva.  Men eg har valt bilete og materiale å jobbe med.



Eg valde etter mange runder med fundering at dette var mitt utgangspunkt.

Når ein arbeider i barnehagen kan det vere lurt å kunne jobbe med ulike materiale, så mitt val falt på Tre. Eg vil spikke i rått trevirke, som er veldig lett i forhold til å spikke i tørt trevirke. Dette er noko barna vil meistre ogfå ein god erfaring med, om knivane er skarpe nok til å gjere ein bra jobb.

Ellers vil eg jobbe med meir "voksen" styrt aktivitet, der eg må bruke bandsag men kjem tilbake til barnet når ein skal gjere den klart.

mandag 2. mai 2011

Land art


Å jobbe ute å bruke naturen som formingsmateriell er veldig aktuelt når ein jobbar i barnehage, heile vinteren er barna kreativie ute i snøen og bygger snømenn og formar skulpturar av snø, men lit hjelp og inspirasjon kan dei få til det meste.

Eg brukte Kunsten min som inspirasjon for å lage eit snømaleri.....

(Det mørke feltet er kamera som har laga)

Eg har også laga hekle oppskrift så eg har snart klart meir til bloggen...