Ofte har ikkje barnehagne meir pengar enn dei treng og formingsmaterialet kan vere litt mangel vare. Men det hender det er ein liten skog eller nokon busker som kjem opp i nerleiken til barnehagen, dette er eit flott formingsmateriale i alle fall for dei store barna i barnehagen.
Å spikke i rått trevikre er veldig enkelt fordi den har så mykje sevje i seg, men det er veldg viktig at knivane er skarpe og bit godt for at det skal bli ei posetiv oppleving. Så kan ein spikke kva ein vil......
Her vart x-en min til ein A i staden, sette den samman med tre stiftar, slik kan ein jobbe med ulike bokstavar, barna får vere skapande ved at dei former ting ut frå ein ide, men etterkvar som ein jobbar kan det bli noko heilt anna.
"Knerten" til Anne-Cath Vestly kjenner dei fleste barn til no etter den kom på film. Å gå i skogen på jakt etter Knerten er kjempe kjekt. Her har eg sett på auge på min knerten. Ein enkel og gratis måte å skaffe seg dukker på, som barna kan lage sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar