onsdag 11. mai 2011

Pusse, pusse, bore og beise

Det nermar seg.











  No er den klar til utstilling

Mot det endelege produktet i 3D

Eg har valt å jobbe med tre som materealet. Og med inspirasjon frå bildet mitt har eg dratt ut eit tydeleg element i utgangspunktet.

Først måtte eg lage meg ein mal som var passe stor.


Så var det matrealet som kunne passe


Denne var passe, men må høvlast litt. Dette fekk eg låne ei maskin hos eit lokalt byggefirma til.
Klargjering før utskjering





Klar til utsaging

Til å sage ut brukte eg ikkje bandsag, men ei slags stikk sag.



Ferdig, klar til vidare arbeid, med pussing, montering og behandling.

tirsdag 10. mai 2011

Skogen er full av tre...

Ofte har ikkje barnehagne meir pengar enn dei treng og formingsmaterialet kan vere litt mangel vare. Men det hender det er ein liten skog eller nokon busker som kjem opp i nerleiken til barnehagen, dette er eit flott formingsmateriale i alle fall for dei store barna i barnehagen.



 Å spikke i rått trevikre er veldig enkelt fordi den har så mykje sevje i seg, men det er veldg viktig at knivane er  skarpe og bit godt for at det skal bli ei posetiv oppleving. Så kan ein spikke kva ein vil......






Her vart x-en min til ein A i staden, sette den samman med tre stiftar, slik kan ein jobbe med ulike bokstavar, barna får vere skapande ved at dei former ting ut frå ein ide, men etterkvar som ein jobbar kan det bli noko heilt anna.



"Knerten" til Anne-Cath Vestly kjenner dei fleste barn til no etter den kom på film. Å gå i skogen på jakt etter Knerten er kjempe kjekt. Her har eg sett på auge på min knerten. Ein enkel og gratis måte å skaffe seg dukker på, som barna kan lage sjølv.

torsdag 5. mai 2011

Ferdig resultat!

Etter månader med arbeid og bestemmelsar og ombestemmelar fann eg til slutt ut kva som skal vere slutt resultaet mitt.


Lerret på 50x60 cm. Målt med acryl måling og litt pirke arbeid med prikkinga, har nokon av prikkane som har fått ahle, dette fordi det var litt mykje måling på redskapen. Dette var ikkje så godt å gjere noko med.  Å jobbe med prikkar i mønster er ein kjekk aktiviet.

Med tråd og nål???

Eg har laga ei helke oppskrift av maleriet mitt


Utfrå denn oppskrifta hekla eg ei brikke i påska



Dette er nok litt vanskelg å gjere i barnehagen med dei barna, men ein kan til dømes fingerhekle.

Paint!

Å bruke data som eit vektøy i barnehagen er viktig for at barna skal få ein kjennskap til data. Paint er eit teikne programm som er nyttig til å lære seg å bruke musa, her kan dei leike seg til kunnskap.


Her har eg brukt berre fingen til å teikne(bærbar maskin), har ikkje lagt farge på den.



Å her har eg brukt mus til å teikne med.

Dette var spennande og kjekt og barna kan få legge farga på og leike seg.

tirsdag 3. mai 2011

3D oppgåve!

No blir det litt rot her, har ikkje fått inn slutten på 2D oppgåva før eg legg inn starten på 3D oppgåva.  Men eg har valt bilete og materiale å jobbe med.



Eg valde etter mange runder med fundering at dette var mitt utgangspunkt.

Når ein arbeider i barnehagen kan det vere lurt å kunne jobbe med ulike materiale, så mitt val falt på Tre. Eg vil spikke i rått trevirke, som er veldig lett i forhold til å spikke i tørt trevirke. Dette er noko barna vil meistre ogfå ein god erfaring med, om knivane er skarpe nok til å gjere ein bra jobb.

Ellers vil eg jobbe med meir "voksen" styrt aktivitet, der eg må bruke bandsag men kjem tilbake til barnet når ein skal gjere den klart.

mandag 2. mai 2011

Land art


Å jobbe ute å bruke naturen som formingsmateriell er veldig aktuelt når ein jobbar i barnehage, heile vinteren er barna kreativie ute i snøen og bygger snømenn og formar skulpturar av snø, men lit hjelp og inspirasjon kan dei få til det meste.

Eg brukte Kunsten min som inspirasjon for å lage eit snømaleri.....

(Det mørke feltet er kamera som har laga)

Eg har også laga hekle oppskrift så eg har snart klart meir til bloggen...

tirsdag 15. mars 2011

Svart som kull...


Å jobbe med kull er ein teknikk eg ikkje har gjort før, dette var spennande, men litt "grisete", i alle fall når ein skulle trekke det utover.
Her er eit av kull bilda i arbeid...
Er ikkje ferdig med stilken og blada..

Å jobbe med kull i barnehagen kan nok vere kjekt, då ser eg for meg at ein har rette strkar og kan teikne utan å trekke utover etterpå.


Begge bilda fredige. Eit med meir markerte strkar enn de andre. Kull fargar fort av men hadde på hårspray når dei var ferdige.

onsdag 9. mars 2011

Fargar og vaten!


Med avis som bakgrunn, vart litt stilig effekt syns eg.

Utprøvinga av fare kombinasjoanar...

Med vassmåling.

tirsdag 8. mars 2011

Røre, blande, måle....

Å bruke ittens fargesirkel til å kombinere fargar er spennande. Eg har bruk primær fargane til å lage sekundærfarger av og kvitt og svart til å mørkne og lysne målinga

Eit lilla måleri i arbeid, har ikje målt "bladverket" endå.

Dette er kjempe kjeket og blande og prøve seg fram.....

onsdag 2. mars 2011

Etter praksis....

No har det vore gjort litt lite i ein periode fordi eg har vore i praksis. Men no er våren her og inspirasjonane er kommen tilbake....
Å jobbe med fargar er spennane både for bana i barnehagen og oss vaksne.
Kva skjer når vi tek deitre primær fargane og fingermålar med? I praksis prøvde eg dette på småbarns avdelinga, Av raud og gul vart fargen orange....

Eg har tatt Ittens fargesirkel å måla den berre ved hjelp av dei tre Primærfargane; Gult, Raud og Blå


Her er starten, målt inn tre primærfargar og blanda til orange, grønn og lilla


Ferdig sirkel.

Brukte akcryl måling....

torsdag 10. februar 2011

Strekar, prikkar og ruter!

Har jobba litt med ulike utprøvingar, først tok eg bilete å laga mønstere på dei ulike flatene.


Fekk ganske stilig virkning.

Vidare prøvde eg meg på prikkar, føsrt i svar og så i neon rosa.


tirsdag 1. februar 2011

Collage!

Arbeidet med eksamensoppgåve er stadig i arbeid.

Her har eg laga ein collage med silkeparir på vanleg parir. formatet er A4.

Litt meir jobb var de når eg gjekk opp i A3 format å skulle lage collage. Den er eg ikkje heilt fredig med endå, manglar litt inn i blomsten.

Her må eg nok teikne/ markere strekane for å få litt kontrast. Kvitt i ulike nyansar og rosa i ulike nyansar går litt i eit.

søndag 16. januar 2011

Hatt i barnehagen!

Forrmingsutfording  veke 2 var laging av hattar. Dette var kjempe kjekt. Litt inspirasjon og ein får mage idear om korleis ein kan forme ein stilig hatt.

Denne er enkel, den grønne ringen som er bak er den som går rundt hovudet. Ellers er den dekorertt med og av stålstreng, tyll og fjær. Enkel og dekorativ.





Denne er litt enklare, brukte "kronepapp" til å lage ring rundt hovudet. Viare er det silkepapir som er forma og festa til pappen med stift.

Å lage hattar i barnehagen er ein enkel og kjekk aktivitet som ein kan legge til rette for alle aldresgrupper, ved litt tilrettelegging.
Kanskje er hattar årets karneval aktivitet????

torsdag 13. januar 2011

Trykk!



Har jobba med trykk, laga trykk plate av papir og bobbleplast. Dette gav eit stilig mønster. Men nårr eg skulle rulle utover trykksværten, løsna bobbleplasten, så her var det forsiktigheit og tolmodigheit. Trur ikkje dette er matrell som er eigna til å bruke saman med barn, då må ein i allefall bruke ein anna lim enn RX lim. Ellers er trykk ein sak som er kjekt og som gjev bra resultat utan for mykje arbeid.

Etter eg var ferdig med trykket brukte eg plata å teikne inn mønsteret, for så å legge eit ark over. Denne trykk forma kallast Monotypi. Det som er spesielt her er at tykket vert speglvent. Kunne nok laga fleire utkast av denne typen, men var nok litt utolmodig.


onsdag 12. januar 2011

Nytt år Nye moglegheiter!

Kabelen er funnen og her er første prosjon med arbeid! Jobba no med måleriet "Helg" av Nikolai Astrup, i dette måleriet er det mange små detaljar som var kjekke å bruke som utsnitt.


Her er tre utsnitt som eg har tatt frå bilete. Eg har brukt flaska i vinduskarmen, stolsryggen og blomsten på blomsterpotta.


Frå desse skissene valde eg å jobbe vidare med blomsten.

Først i A4, forstørringa gjorde eg ved å bruke rutenett, dette kan du sjå på denne blyant teikninga.


Neste steg var forstørring til endå eit hakk større opp i A3